Her har det skjedd veldig lite på veldig lang tid. Eg har ikkje gjort så mykje med G30en min, men i fjor haust kjøpte eg meg ein G20 bensin. Vart lei av diesel-lyden og ville ha meg noko med finare lyd

I tillegg har den meir personbil-preg og kan køyrast av andre i familien som ikkje har C1-lappen.
G30en har eg tenkt å legge ut for salg, men har aldri fått ut fingeren og gjort dette. Eg avskilta den før nyttår for å sleppe årsavgift, og har nokre småreparasjonar som må gjerast før den blir lagt ut. Diesel-lekkasje i retur-slangane er det viktigaste. Dette må fiksast for å unngå diesel ned på eksosmanifolden. Mulig eg vil beholde bilen og prøve å pusse den skikkeleg opp i staden for å selge den, men det var det med tid og tilgjengelighet då...
G20en er den nye feriebilen vår og skal snart ta oss til Danmark i ei veke. Har hatt den på Service hos Bergheim og fått bytta kompressor pluss alt anna av vanleg hoved-service-arbeid. Her kunne eg spart veldig mykje pengar om eg hadde hatt erfaring i slikt arbeid, men målet er å klare dette sjølv etterkvart.
No har eg oppdaga at det er ein lekkasje i kjølesystemet. Eit bitte lite hull øverst på radiatoren gir ein fin tynn stråle av kjølevæske når det er godt med trykk i systemet. På tmgang og ved kald motor er det ingen tegn til lekkasje.
Eg åpna også opp lokket på radiatoren og der fann eg eit tjukt grå-kvitt skum heilt øverst. Litt søking på nettet indikerer at dette kan komme av eksos i kjølevæska, noko som igjen betyr gåen toppakning. Eg håpar ikkje det er dette som er årsaken, men eg må forske litt meir for å finne ut kva som skjer.
Eksosen er litt kvit etter oppstart ved kald motor, men blir fin og usynlig etter ei stund. Eksosrøret er vått inni rett etter oppstart, men blir tørt etter ei stund.
Olje og filter vart skifta på Bergheim for to veker sidan utan nokon bemerkning, så med mindre dette har skjedd dei siste dagane, så er det ingen lekkasje av kjølevæske inn i oljen. Eg skal peile og sjekke oljekvaliteten seinare i dag, så då bør eg få svar på dette.
Motoren oppfører seg som den brukar. Ingen tegn til dårlig ytelse eller ujevn gange. Lyden er fin både frå motorrom og eksos.
Enn så lenge har eg berre nokre teoriar å gå etter. Her må det forskast og leitast litt for å finne ut kva som skjer. Eg trur likevel at det er ufarlig å bruke bilen normalt enn så lenge.
Eg skal prøve å oppdatere garasjen min oftare enn eg har gjort tidlegare. Når eg no endeleg har begynt å mekke litt sjølv vil det vere meir aktuelt å legge ut info også, så får vi sjå kor informativt det blir etterkvart
Edited by Chevy1974, 09 July 2012 - 11:18.