Hei!
Har funnet meg ein 1996(seint 1995) Jeep Cherokee 2.5td eg leker med tanken på å kjøpa.
Var oppe og såg på den i dag. Rustmessig er den i tipp topp stand. Null i verken karoseri eller ramme. Har kun gått 186000km. Innvendig ser den veldig bra ut.
Av tekniske detaljer veit eg at vindusheisane bak ikkje fungerer og at bryteren for langlysene ikkje fungerer. Skulle ver ein lett fiks fekk eg beskjed om.
Bilen hadde stått ei lito stond, så den var tom for batteri og bremsene var rusta fast, så me fekk ikkje starta bilen. Batteri står på lading i natt, så skal opp å prøva den i måro. Eg veit at bladfjører bak må byttes, men ellers skulle den være klar til å skli gjennom EU.
Om alt er som det skal i måro blir da nok denna bilen på meg. Skal bruka den masse i fjellet og i skogen, samt dra ein hengar og to då eg er aktiv i Røde Kors Hjelpekorps og ofte er ute i ulendt terreng. Derfor har eg behov for bil med litt kraft og klaring.
Har bare eit par spørsmål. Er det låsediff på desse bilane når ein setter den i 4 låg? Er manuell foresten.
Korleis er det å bytte bladfjører på desse? Og kan eg lovlig få tak i kufanger til desse?
Noko spessielt eg må bita meg merke i?