Gå til innhold



Foto

Gass pedalen funker ikkje


This topic has been archived. This means that you cannot reply to this topic.
1 reply to this topic

#1 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 04 June 2017 - 18:13

Har dei siste åra gjort ein grundig demontering og oppussing av pajeroen, og er nå komme så langt i samanstillinga at eg er klar til oppstart og litt små testing. 

Har lufta heile diesel systemet og motoren startar lett, men det skjer ingen ting når eg bruker gasspedalen eller gasser direkte på pumpa. I tillegg ligg tomgangs turtalet på godt opp mot 2000rpm. 

Har prøvd å justere ned på tomgangsskura, men det hjalp ikkje noko særleg. Har og sjekka registeret som er spot-on. 

Tanken har gått mot at enten har akslingen frå gassoverføringa ned i dieselpumpa løysna frå det som justerer mengden diesel. Eller sidan motoren har stått ei stund så kjem det oljedamp rundt stempla som gjer at den ligg på så høgt turtall, men det forklarar ikkje kvifor gassen ikkje funkar.

 

Lurar difor på om det er andre som har hatt same problem, eller andre forslag?  



#2 Subi

Subi

    Offroad-wannabe

  • Medlem
  • PipPip
  • 82 Innlegg:

Posted 01 July 2017 - 19:35

Fekk ordna det. Bytta dieselpumpe. Den gamle hadde masse små rustbobler innvendig som mest sannsynleg har rusta fast gassmekanismen internt.